2011

I 2010 hadde eg på kveldsvakt på nyttårskvelden. Årets nyttårskveld hadde eg nattevakt. For eit år sidan visste eg ikkje noko om kva året 2011 skulle bringe. I dag veit eg at 2011 har vore eit langt, hardt, men og eit fantastisk år. Aldri før hard det vore så mange tårar og så mange smil på samme året. Høgdepunkt og nedturar.

Nedturane har vore store dette året. Mai til September var ei einaste stor boble med nedtur på nedtur. Etter Italiaturen med dei mest fantastiske folka eg har møtt i heile mitt i byrjinga av mai, gjekk det mot slutten på det beste skuleåret eg nokon gong kjem til å ha. I Mai var det så mange tårar at eg trudde eg hadde fått grått meg ferdig for både 2011 og mange, mange år framover. Det var smertefult å forlate Grenland og vennskapsbånd som hadde forandra meg som person. Eg trudde ikkje det mulig å ha slike smerter og at tårane ein gong skulle stoppe. Eg byrja å jobbe igjen, kom sakte inn i kvardagen og røynda og sjølv om smerten låg og gnog i heile kroppen så byrja ting å falle på plass. Så kom 22juli. Den smerten, dei mange tårane og livsgnisten eg la frå meg på Grenland bleknar i forhold til helga etter terrordagen. Juli og August var månadar eg nesten ikkje kan hugse. Eg jobba og eg grein. Eg var heilt nedbrutt og eg visste ikkje kva eg ville gjere med livet mitt. Det einaste eg gjorde var å eksistere. Eg grein for landet mitt, falne kameratar. Eg sleit med kvardagen. Eg sa nei til skuleplass i Bergen og nei til trygghet. Eg måtte ta ei pause frå Noreg.

Likevel har 2011 har veldig mange høgdepunkt. Eg var på tur til New York, London, Italia og Dublin. Mange, fine augeblikk med veldig mange fine folk. Frå januar til mai levde eg i Grenlandsbobla og eg hadde ikkje  bytta bort dei augeblikka mot noke i heile verda. Ingen prislapp kan settast på slike opplevingar, minner og dei personane Grenland gav meg. Det var godt å kunne ta eit avbrekk frå den virkelege skulebenken og leve. Midt i all utøya-hysteriet sa eg ja til skuleplass ved Kingston University og London. Eg fekk meg leilighet I storbyen. Eg flytta og eg byrja livet som student. Ny kultur, nye mennesker, ny by. Deilig med ein ny start der eg kunne starte for meg sjølv. Eg merka at hardt arbeid gav dei resultata eg strevde etter. Eg skjønte at eg hadde vald det einaste riktige for meg. Språk og politikk. Eg føler eg har blitt meir vaksen og eg tek valg eg står bakom hundre prosent. Eg har bestemt meg for å satse meir. Slutte å vere feig berre fordi eg er redd. Å vere nordmann på valdag I utlandet betydde internett døgnet rundt 12 september. Spennande val etter grusom sommar. Det kom gledestårar for Jens og for Arbeiderpariet. Dessuten er det eit høgdepunkt I seg sjølv å sjå skandale på skandale for FrP utover hausten.

Eg vonar at 2012 blir eit betre år.

 

LONDON-LIFE; AN UPDATE

Hei verda!

Åh. Grunnen til at eg eigentleg bloggar no, er fordi eg sjølvsagt sit med assessment og orkar ikkje skrive eit ord til på engelsk om gramatiske vinklar og Grice's cooperative prinsippel og maxims. Så kva skjer in the UK?

Det er så mykje! Veit ikkje korleis eg heilt skal byrje. Eg har budd i verdas finaste by i snart tre månadar. Eg er student ved eit universitet som gjer meg alt eg håpa det ville gjere. Eg får ta ein bachelor i ikkje berre eit, men to fagfelt som interesserar meg. Livet er bra. Trust me, studentlivet i London er hardt. Det er alt for mykje arbeid på alt for kort tid, men eg likar meg. Utfordring. Eg møtar nye mennesker kvar dag. Får nye venar kvar veke. Prøver ut nye matrettar, nye drinkar, nye barar. Møtar nye mannfolk. Ein fin balanse mellom eit strukturert studentliv og eit spontant privatliv.

Desember nærmar seg med stormskritt og det betyr at submission også nærmar seg. Forholdsvis 9, 10, 11 og 17 januar er deadline for portifolio og final essay's. Før den tid blir det mykje arbeid.

Likevel er alt sånn som eg vil det skal vere. Sjølv om det er dårlige dagar, er det fleire gode. Og eg trur eg aldri har vore så glad i å lære, så glad å bestemme alt sjølv og så glad i livet.

LIFE IN KINGSTON, LONDON, ENGLAND, UK

Då bur eg i ei leilighet i London. Eg kjem til å blogge om det her: www.lifeinkingston.blogg.no

Sjølvsagt kjem det deprimerande, sorgtunge stunder i framtida og då kjem det nok eit og anna innlegg her og!

Akkurat i dag

Eg er sliten. Det har vore ein lang og tung sommar. Jobben tek energi, nyheitene bryte meg ned og eg klarar ikkje å leve skikkeleg. Eg eksisterar berre. Eg har nedtelling til eg skal flytte herfrå. Eg må bort. Eg har nedtelling til den dagen eg kan kjøpe ei avis og eg slepp å sjå navnet hans, anletet hans. Eg vil ikkje høyre meir om PTS gjorde det riktige eller ikkje. For det som aldri skulle skje har allereie skjedd.

Kjenslene er heilt nedbrutt. Det einaste eg gjer er å vere på jobben og å sove. På fredag skal eg stemme for andre gong. Eg er redd eg kjem til å grine litt når eg står nede på rådhuset og skal legge seddelen i kassa. Ikkje fordi mi stemme kjem frå medlidenhet, men fordi eg veit at det er det einaste riktige. Fordi det er verdiane mine eg legg i den kassa. Og eg veit eg kjem til å legge den same seddelen i den same kassa dei neste tjue gongane.

For fyrste gong på mange år gjer politikken meg sliten. Eg skal vere med å stå på stands og forklare kvifor mitt parti fortjenar veljarane si stemme. Eg veit det er viktig. Men akkurat i dag har eg lyst å berre ligge under dyna og late som om 22 juli aldri har skjedd. Og for fyrste gong skulle eg ynskje at eg ikkje brydde meg så mykje. For i dag er eg lei av å ha det vondt.

MITT NYE LIV

Eg trur eg er klar for ein ny start. Eg er klar for å pakke livet mitt ned i to x tjue kilo koffortar og flytte. Til London. Om berre litt under fire veker.

No har eg jobba over 400 timar allereie, men eg har fleire igjen. Eigentleg skulle eg ha mi siste vakt no på søndag, men eg greide sjølvsagt å seie ja til fire nattevakter. Berre førti timar til det.

Det er mykje småting som skal ordnast, men eg gledar meg. Ny tilværelse, nye vener, eg skal bli student for fyrste gong i mitt liv og eg skal studere det eg likar mest. Så det kan jo ikkje bli noko anna enn bra?

Litt gladnyheiter i ei ellers så skrudd verd

Dei skriv om sultkatastrofen på Afrikas horn. Det snakkast om massakeren på Utøya og bombinga i Oslo. Det er opptøyar i fattige strøk i London fordi ein politimann drap ein 29år gamal mann. Dei gjenntar for tjuande gong på eit døgn at vi går ei ny økonomisk krise i vente. USA skyldar store pengar.

Midt i alt dette har eg bestilt meg ein one-way ticket til London. Eg og kusine Stine har fått oss leilighet. Eg står oppført som student ved kurset "English language and communication with English lit" men får mest sannsynlig bytta ut English lit med Politics. Hurra! Så då blir det engelsk og politikk då. Det eg likar mest i heile verda. Combined.

OM DET Å GLØYME

Eg trudde at etter avsluttningsdagen på folkehøgskulen fjortande mai så kunne det umogleg vere fleire tårar igjen. Det kunne umogleg vere noko som gjorde meir vondt.

Så kom 22 juli 2011. Eg er så lei av å grine. Eg er lei av å vere redd for å skru over på nyheitene og åpne avisa, for der finn eg det. Og tårene startar igjen.

Eg vil ikkje gløyme. Eg kan ikkje gløyme. For det her vil forandre meg, det vil forandre oss og det vil forandre Norge. Men akkurat no treng eg å få det litt på avstand og eg trur eg har gått av å flytte vekk herfrå ei stund. For det har vore for mange tårar i år.

24.jul.2011

Dei siste 48 timane har vore tunge. Eg har grått for landet mitt, for AUF'arar, for Arbeiderpartiet, for Jens.

Det er to år sidan eg tok mitt politiske standpunkt. Eg melde meg inn i AUF. Eg ville vere ein av dei 10 000 medlemmane som kunne få til noko. Eg ville forandre norsk politikk. Skape. Dele. Engasjere. Det er vi som er framtida. Vi som skal forandre Noreg. Vi som skal gjere Noreg betre.

Mine partikameratar, på Utøya, henretta fordi dei ville skape. Fordi dei ville dele. Fordi dei ville engasjere. Fordi dei ville vere ein del av framtida. Det er mykje urettferd i verda, men å henrette politiske ungdommar på ein sommarleir er det feigaste.

"Ingen kan bombe oss til stillhet. Ingen kan skyte oss til stillhet. Ingen kan skremme oss fra å vere Noreg"
- Jens Stoltenberg

Eg har aldri vore meir stolt av å vere AUF'ar, av å stemme Arbeiderpartiet og av å ha Jens som min statsminister som det eg er i dag.

 

Kva er du mest redd for i heile verda?

Eit spørsmål som for nokre månadar sidan kom opp ein kveld vi satt i korridor 3. Dei fleste svarte at dei nærmaste skal dø. Det er så mangt eg er redd for..

Eg er redd for at eg skal vakne opp om ti år og eg har ikkje gjort noko. Eg er redd for at mine nærmaste skal få andre som er nærmare. Eg er redd for at eg skal gløyme. Eg er redd for at eg ikkje set nok pris på dei rundt meg. Eg er redd for at vi ikkje får leilighet i London. Eg er redd for at eg kanskje vel feil. Eg er redd for at eg aldri kjem meg i gong med ei utdanning. Eg er redd for at dei som ringer meg fleire gongar i veka skal slutte med det. Eg er redd for å miste kontakten med dei nærmaste. Eg er redd for at eg ikkje kjem til å klare noko. Eg er redd for så mange ting. Men kanskje det er bra å vere redd?

I'M COMING HOME

Det er for sårt å skulle skrive om folkehøgskuleåret endå. Det må gro litt til fyrst. Vel, endeleg skjer det. Eg flyttar til London. Eg veit så lite, men om ein månad har eg mi siste vakt og om mellom fem og seks veker bur eg i London. For minst eit år. Herregud. Det tok meg tre år, men tida er inne. Om to veker drar vi over for å gå på visningar.

Les mer i arkivet » Januar 2012 » Desember 2011 » November 2011
hits